Bretun
 

Fjordnoreg er rangert som eitt av dei mest ettertrakta turistmåla i verda. Den vakre naturen med høge fjell, lange fjordar og lett tilgjengelege brearmar trekkjer til seg menneske frå heile verda. Melkevoll Bretun ligg ved ein av dei viktigaste inngangsportalane til Jostedalsbreen Nasjonalpark. Eitt av våre mål er at Bretunet skal vere i harmoni med naturen rundt, og vi ynskjer at gjestene både skal bli fasinerte og lære litt.

Inge og Gro Melkevoll
Inge og Gro Melkevoll

Velkommen!

Melkevoll Bretun er ein campingplass og turistsenter øverst i Oldedalen. Området framstår som ein stor park og er ein del av garden Melkevoll. Denne garden har vore i drift sidan midt på 1500-talet. Vi som har ansvaret no heiter Gro og Inge Melkevoll og er 14. generasjon. Du finn oss mellom stupbratte fjell, glitrande brear og mektige fossefall. Frå resepsjonen er det mindre enn ein times spasertur til den verdenskjende Briksdalsbreen.

Camping, hytter og dagsparkering

Vi tilbyr dagsparkering, campingplass for bubilar, campingvogner og telt. Vi leiger ut feriehytter og campinghytter.

Kafè
Kafè

Servicebygningar

I resepsjonsbygget er resepsjon med kafè og kiosk, toalett, dusjar, badstover, campingkjøkken og vaskerom. Like ved ligg Utelada, ein låve med eldstad og sitjeplass til 50 personar. Dette er eit felles opphaldsrom for våre gjester.

Steinalderhola

Like nord for resepsjonsbygget ligg det eldste daterte fjellraset i Norge. Her er ein friluftsarena med danseflake, bålplass og benkar. Like ved ligg Steinalderhola, eit samlingslokale under store steinar med bålplass i midten.
 

Å lære og oppleve

Sidan vi ligg så nær breen, finn vi mange spor i landskapet som fortel om klimaendringane dei siste 10.000 åra. Våre gjester kan lære meir om dette ved å studere dei mange informasjonspunkta rundt i terrenget. Vi tilbyr og ein guida rundtur på bretunet der klimaendringar er eit viktig tema og brehistoria vert.