|
Bretun
Fjordnoreg er rangert som eitt av dei mest ettertrakta turistmåla i verda. Den vakre naturen med høge fjell,
lange fjordar og lett tilgjengelege brearmar trekkjer til seg menneske frå heile verda. Melkevoll Bretun ligg ved
ein av dei viktigaste inngangsportalane til Jostedalsbreen Nasjonalpark. Eitt av våre mål er at Bretunet skal
vere i harmoni med naturen rundt, og vi ynskjer at gjestene både skal bli fasinerte og lære litt.

Inge og Gro Melkevoll
|
Velkommen!
Melkevoll Bretun er ein campingplass og turistsenter øverst i Oldedalen. Området framstår som ein stor park
og er ein del av garden Melkevoll. Denne garden har vore i drift sidan midt på 1500-talet. Vi som har ansvaret
no heiter Gro og Inge Melkevoll og er 14. generasjon. Du finn oss mellom stupbratte fjell, glitrande brear og
mektige fossefall. Frå resepsjonen er det mindre enn ein times spasertur til den verdenskjende Briksdalsbreen.
Camping, hytter og dagsparkering
Vi tilbyr dagsparkering, campingplass for bubilar, campingvogner og telt. Vi leiger ut
feriehytter og
campinghytter.

Kafè
|
Servicebygningar
I resepsjonsbygget er resepsjon med kafè og kiosk, toalett, dusjar, badstover, campingkjøkken og vaskerom.
Like ved ligg Utelada, ein låve med eldstad og sitjeplass til 50 personar. Dette er eit felles opphaldsrom
for våre gjester.
Steinalderhola
Like nord for resepsjonsbygget ligg det eldste daterte fjellraset i Norge. Her er ein friluftsarena med
danseflake, bålplass og benkar. Like ved ligg Steinalderhola, eit samlingslokale under store steinar med
bålplass i midten.
Å lære og oppleve
Sidan vi ligg så nær breen, finn vi mange spor i landskapet som fortel om klimaendringane dei siste 10.000 åra.
Våre gjester kan lære meir om dette ved å studere dei mange informasjonspunkta rundt i terrenget. Vi tilbyr og
ein guida rundtur på bretunet der klimaendringar er eit viktig tema og brehistoria vert gjort levande.
|