|
|
|
|
|
Briksdalsbreen
Tur til Briksdalsbreen
Briksdalsbreen er ein av Norges mest besøkte naturattraksjonar. Det tek om lag 50 minutt å gå frå
Melkevoll Bretun til brekanten. Først passerer du Briksdalsbre Fjellstove. Opphavleg var dette eit
gardstun. Geitefjøset er blitt ein stor suvenirbutikk, den gamle kaffistova er no restaurant med over 500
sitjeplassar. Vidare går turen gjennom eit frodig landskap der synet av fossar og brear kan ta pusten
frå ein. Vegen er lett å gå fordi bøndene i Oldedalen for meir enn 120 år sidan starta arbeidet med å
byggje murar og bruer slik at turistane lett kom fram. Til slutt kryssar du grensa til Jostedalsbreen
Nasjonalpark og du kjem til Briksdalsbrevatnet der små isfjell sakte sig mot elveosen. Frå enden av
vatnet strekkjer Briksdalsbreen seg oppetter fjellsida like til breplatået om lag 1.500 høgdemeter lenger
oppe.
Dette ei fin fottur. Det er også ei oppleving å bli med dei opne safaribilane, Trollbilane, som tek
deg frå Briksdalsbre Fjellstove til grensa for nasjonalparken.
Frå høgstandard hyttene og deler av campingområdet på Melkevoll Bretun har ein flott utsikt til
Briksdalsbreen.
Oldedalen Skyss
Briksdalsbreen
|
|
|
| |