Buldring
 

Buldring
Buldring

Det har utvikla seg eit aktivt klatremiljø i indre Nordfjord. Breførarar frå Olden Aktiv var sentrale i utviklinga av klatrefelt i nærområdet. På Melkevoll Bretun er det eit større buldrefelt, og mellom Loen og Stryn finn ein sportsklatrefeltet "Beachen", der mellom andre Vegard Vereide og Mikael Grasdalsmoen var pionerar!

Ordet buldring kjem frå det engelske ordet "boulder" som tyder stor stein. Buldring er klatring på slike steinar. Poenget er å ta seg opp på disse steinane langs ulike ruter. Ein treng klatresko for å buldre. Det er og greitt å legge ei madrass (crash pad) på bakken under den ruta du skal opp.

Buldring

Sommaren 1997 starta breførarar frå Olden Aktiv å klatre på steinane på Melkevoll Bretun. To år seinare var det børsta fram mange ruter, og en liten guide vart laga. I dag er det rundt 60 buldreproblem på Melkevoll Bretun og alle er merka med nummer og gradert etter vanskegrad. Steinane ligg lett tilgjengeleg med gode landingar. I resepsjonen kan du leige klatresko og crash pad.

Buldring
Buldring med crash pad

 

Klatring

Det er fleire gode sportsklatrefelt i Indre Nordfjord. Breførarar frå Olden Aktiv og seinare Stryn Klatreklubb har lagt til rette for klatring på cragget "Beachen" mellom Loen og Stryn, ein 30 minutters biltur frå Melkevoll Bretun. Her er klatreruter på "Bølgen" og på "Beachen" som er gradert frå 4+ til 8+/9. Altså litt for eit kvart nivå!

Buldreguiden