Fjellturar
 

Melkevoll Bretun er startpunkt for fleire flotte fjellturar i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Områda rundt Bretunet tilbyr alt frå lette turar, til brattare og luftigare fjellopplevingar for dei som ynskjer det. Ein kan gå på eiga hand på dei fleste turane. I resepsjonen kan du kjøpe eit godt turkart for området. Dette kostar NOK 50. Det er også mogeleg å vere med på turar som vert arrangert av turlaget Indre Nordfjord turlag

Her følgjer nokre turforslag (i parantes høgd over havet for startpunkt og topp, total turtid tur-retur)

Briksdalsbreen (130 - 350 m.o.h., 2 timar)
 

Briksdalsbreen

Brenndalen (85 - 300 m.o.h., 3-4 timar)

1,5 km frå Melkevoll Bretun ligg Åbrekk gard på høgre side. Her er parkering og utgangspunktet for turen mot Brenndalen og Brenndalsbreen (Der går også sti frå bretunet til Åbrekk gard). Første delen av turen går på skogsveg, som startar med ei oppstiging og som flatar ut på toppen. Brenndalen er ein såkalla hengande sidedal med bratte fjellsider. Dalen gjev ei sterk naturoppleving av bre, elvar, fjell og fossar. Dette er ein lett tur i idylliske og stille omgjevnadar og passar godt både for små og store. Det er også eit spennande alternativ å krysse elva i Brenndalen og følgje ein merka sti tilbake til start.

Brenndalsbreen

Kattanakken (130 - 1.450 m.o.h., 5-8 timar)

Du følgjer vegen til Briksdalsbreen og tek av til høgre like over Briksdalsfossen. Første del av turen går i relativt lett terreng til du kjem til Sauskårholten. Dette er eit fint utsiktspunkt. Om du er lite fjellvand eller har høgdeskrekk, bør du nok snu her. Turen vidare opp egga er svært luftig, men likevel grei å gå.

Kattanakken Oldedalen fra Kattanakken
Briksdalsbreen fra Kattanakken Kattanakken fjelltopp

Oldeskaret (130 - ca. 1.100 m.o.h., 4-5 timar)

Stien startar ved resepsjonen og kryssar seg opp fjellsida på sørsida av Vålefossen. Nokre parti er bratte og her er montert kjettingar som sikring. Gjennom det meste av turen har ein fin utsikt til Briksdalsbreen. Ein går gjennom fjellsprekka "Gløvret" før ein kjem opp i sjølve dalføret "Oldeskaret" som leier over til Høyset i Stardalen. Kring høgste punkt er der tre mindre og eitt større fjellvatn. I dette området ser du Jostedalsbreen, Noregs største isbre, mot sør og Myklebustbreen, Noregs 5. største isbre, mot nord. Du er no i "skaret" der desse breane er smelta frå kvarandre. Begge breane ligg i Jostedalsbreen Nasjonalpark. Herfrå kan ein ta topptur til Blåfjellet, Hanekammen eller Middagsnibba. For dei to sistnemnde toppane treng ein førar.

For dei som vil vidare til Stardalen, går turen i lett terreng forbi Storevatnet, Haugabreen og Haugastølen (5-6 timar).

Flatsteinbu (30 - 1.400 m.o.h., 5-6 timar)

Turen starter ved parkeringsplassen på Kvamme. Etter ca. 1 time kjem ein til Kvamssetra før turen går vidare gjennom Kvamsdalen og opp til brekanten. Her ligg den sjølvbetjente hytta Flatsteinbu. Med fører kan ein herfrå lett kome opp på sjølve breplatået og det er relativt kort veg til Høgste Breakulen og vidare til Jostedalen.