|
Historia

Hus Melkevoll
|
Historia til garden Melkevoll
Den eldste historia til garden er ukjend. Men opphavleg heitte garden Brekkohals. Ivar frå Brekkohals var
20.januar 1340 i kyrkja i Olden for å betale sin leiglendingsskatt til Munkeliv Kloster i Bergen. Ein kopi av
eit diplom fortel ette. Truleg har ingen overlevd svartedauden i 1349.
Folketalet i Noreg vart så redusert i denne pesten ar dei fleste "Øydegardane" låg nede i omlag 200 år. I
kring 1550 tok ein som heitte Knut oppatt gardsdrifta. Han bygde opp husa der nabogardane hadde hatt sin
mjølkeplass i tida garden låg nede. Difor fekk garden no namnet Melkevoll.
I 1743 vart husa øydelagde av snøskred, men ingen menneske vart skadde. Husa vart bygd opp att litt lenger
nord, der dei ligg i dag. Garden har stor utmark. Unge gjetarar gjette buskapen i utmarkene heile sommarhalvåret.
Det var viktig å halde dyra borte frå plassane der dei skulle slå gras til vinterfôring. Dei starta å slå
gras kring jonsok og heldt på med dette til snøen kom. Dette gjorde at dei var i stand til å ha ein stor buskap
gjennom vinteren.

Geiter
|
Buskap på garden
| 1657: |
0 hestar |
11 kyr |
8 sauer |
6 geiter |
| 1723: |
1 hest |
9 kyr |
7 sauer |
5 geiter |
| 1868: |
1 hest |
14 kyr |
30 sauer |
20 geiter |
| 1980: |
4 hestar |
8 oksar |
8 sauer |
100 geiter |
| 2000: |
4 hestar |
12 oksar |
35 sauer |
0 geiter |
| 2008: |
1 hest |
0 oksar |
0 sauer |
0 geiter |
| 2010: |
0 hestar |
0 oksar |
0 sauer |
0 geiter |
Meir enn berre gardsdrift

Gammel prospektkort
|

Garden Melkevoll
|
Hesteskyss
Fram til 1900 talet var drifta tufta på sjølvbergingsprinsippet. Men det vart nye tider og nye driftsmetodar
kom. Det vart betre levestadar for folk flest. Frå 1860 og 1870 åra dukka dei første turistane opp i Oldedalen.
I 1886 bygde oldedølene ein rideveg til Briksdalsbreen på dugnad. Dei fleste gardar tok etter kvart del i å
frakte turistar frå Oldevatnet, der dei kom med båt, til Kaffistova i Briksdalen. Transporten forgikk med hest
og kjerre.I 1927 vart det bygd ny kjerreveg til Briksdalsbreen. Alle bøndene sin innsats i vegbygginga vart
oppgjort som rettar til å frakte turistar med hest og kjerre på vegen. Ingebrikt Melkevoll opparbeidde tre såkalla
skyssrettar. Til 2004 hadde vi altså tre hestar som fraktet turistar opp til Briksdalsbreen.

Feriehytte
|
Camping
I 1971 starta Johanna og Anders Melkevoll opp med campingplass i utmarka på garden. Plassen ligg i svært
spesiell natur med utsikt til Melkevollsbreen og Briksdalsbreen.
Stein
Firmaet Råblokk og Monumentindustri frå Eide på Nordmøre tok i 1962 ut stein for produksjon av steinbord og
gravmonument. Øyegneisen i "Stor-ura" er av svært god kvalitet, og gjev ei vakker og sterk overflate. Men
transportkostnadane og det steinen er så hard og medarbeide gjorde produksjonen lite lønsam, og drifta vert
stansa etter kort tid.
Naturleg mineralvatn
På slutten av -80 talet dreiv Olav og Svein Kvame undersøking av kvaliteten i ulike vasskjelder rundt om i
Olden. Inge Melkevoll foreslo å ta prøve Blåfjellskjelda som etter kvert viste seg å ha svært god kvalitet. I 1992
tok Knut Ødven frå Florø kontakt for å undersøkje moglegheitene for produksjon av flasketappa vatn frå denne kjelda.
Selskapet Olden Brevatn vart skipa i 1992. Olav, Svein, Knut og Inge var aksjonærar. Knut vart tilsett som
prosjektleiar, seinare dagleg leiar i selskapet. Inge var styreformann fram til 1995.
I 1993 vart Blåfjellskjelda godkjent for produksjon av naturleg mineralvatn. Hansa Bryggeri kom med i prosjektet
og er i dag hovudaksjonærar i Olden Brevatn. Produksjon av flasketappa vatn kom i gong i 1995. Samstundes vart det
inngått kontrakt med Hygoform for fylling av vassdunkar til kjølarar. Hygoform er Noregs største distributørar av
vatn til kjølarar, og Olden Brevatn kom difor raskt opp i stor produksjon. Produksjonen starta opp i isolerte
plasthallar.
I 1998 vart det bygd ein stor produksjonshall som ligg mellom Bretunet og hovudgarden på Melkevoll.
I 1999 produserte selskapet 15 millionar liter Olden på dunk og flasker. Omlag 20 personar er tilsett i
produksjonen.
Olden
Maskinentreprenør verksemd
Inge Melkevoll har sidan 1985 drive graveverksemd. Firmaet sysselset litt over 2 årsverk. Firmaet har tre
gravemaskiner frå 8 til 22 tonn, lastebil og boreutstyr. Firmaet har sentral godkjenning for grunn og
terrengarbeid i klasse 2.
Maskinentrepenør
|