Hola
 

Inngang steinalderhola
Inngang steinalderhola

Steinalderhola

Like ved resepsjonen på Melkevoll Bretun ligg ei stor steinur. Under nokre kjempeblokker er det frå naturen si side skapt eit stort rom som etter kvart har fått namnet "Steinalderhola". Vinteren 2001 vart det utført eit omfattande arbeid inne i hola slik at den i dag har over 50 sitjeplassar og omlag 25 overnattingsplassar.

Ein 800 ton tung stein dannar tak over hola. To andre store steinar utgjer det meste av veggane inne. Mellom dei store steinane er det mura veggar og trapper etter kopi frå ein steinalderbustad. I midten er det stor bålplass.

Hola fortel si eiga historie

Under arbeidet inne i hola kom det for dagen ein del trerestar. Etter samråd med professor Atle Nesje, Universitetet i Bergen, vart ei prøve send til analyse ved eit laboratorium i USA. Det viste seg at treet var 5.940 år gammalt! Dette fortel oss at den store steinurda raste ut for omlag 6.000 år sidan. Tre og busker som vaks i fjellsida, vart rivne med i raset og har lege tørt i Steinalderhola sidan.

Melkevoll steinalderhola
Melkevoll steinalderhola
 

 

Overnatting og servering

Vi ynskjer deg og dine velkommen til å nyte steinalderlivet. I Steinalderhola er det duka for mange ulik arrangement. Med fyr på bålet, reinsskinn på benkane og levande lys i veggane er dette staden for dei som vil oppleve ein spesiell firmatur, familieselskap eller vennefest. Du kan nyte medbrakt mat eller nytte catering med spennande rettar frå t.d. Norsk Gardsmat Aabrekk Gard, Briksdalsbre fjellstove eller Smak Stryn. For å spisse opplevinga kan ein og bestille guiding der ein får fortalt historia om Steinalderhola og den spesielle naturen kring.

Nøgde gjester

Der har vore mange vellukka arrangement i Steinalderhola sidan vi opna i 2001. Frå kundelista kan vi nemne: Hansa Borg Bryggeri, Bergesen , Rolls Royce, Innvik Ullvare, Bolset Glass, Sparebanken Møre, Goldman Sachs, gebursdagar, bryllaupsdagar, bryllaup, utdrikningslag, vennefestar, bryllaup, russiske oligarkar, ...

Fyr på bålet Reinsskinn på benkane
Inngang Steinalderhola Steinalderhola

Prisar

Booking