Inforama-vegen
 

Naturinformasjonstavle
Naturinformasjonstavle

Inforama-, natur- og kulturparken

Melkevoll Bretun dekkjer eit areal på ca 150 dekar. I terrenget er det bygt mange stiar og vegar. Dette er fine turområde. Langs vegane finn ein mange spor i landskapet som dokumenterer naturhistoria etter siste istid.

Guida rundtur

Ein tur gjennom parken er om lag 1,5 km lang. Grupper er velkomne til å tinge omvisning for denne turen. Turen startar ved resepsjonen og langs ruta vil guiden fortelje om naturen i nærområdet, klimaendringar gjennom 10.000 år, lokal industri, spennande menneske og reiselivshistorie for å nemne litt.

Turen tek 1 - 1,5 time og kostar NOK 70 / person. Minstepris er NOK 700.

Denne turen kan og avsluttast framfor bålet i Steinalderhola. Vi kjem gjerne med forslag og pristilbod.

Nasjonalpark
Nasjonalpark

 

Naturinformasjon

I terrenget finn ein mange informasjonjspunkt der tavler fortel om dei landskapselement du ser rundt deg. Her finn du nokre eksempel:

Istid

Steinras